Om Arbeidsarven:

Arbeidsarvens
arkiver:

Skriv om arbeid:

Bilder fra arbeid:

Mer å lese:

Mer om arbeidets historie i Norden og ellers i verden:

Arbeidsarven samarbeider med:

De som hjelper prosjektet:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Utdrag frå Ingebjørg Øien Bjålands minner


Tilbake til Arkivoversikt
Tilbake til oversikt over minner fra bygdekvinner

Ingebjørg Øien Bjåland , født 1932 i Morgedal, har skrevet om sine minner fra arbeid og daglegliv som husmor, gardkone og campingplassdrift i Morgedal. Her er noen smakebiter fra det hun forteller (hele teksten er på 3 sider):

Eg er fødd i 1932, er einebarn og gjekk med mor mi i arbeid både ute og inne frå eg minnes tilbake i 4-5 års alderen. Mor var ei flink husmor. På den tid måtte alt arbeid utførast på eit kjøkken. Eg vil skrive om arbeidet slik eg minnes då eg var med mor.

Kjøkkenet var stort med bord, stolar, benk og skåp. Kjøkkenet var dela med ein brannmur frå pipa som gjekk halvvegs ut i rommet. Bak brannmuren var ei seng med forheng. I den eine kroi var ovnen ein stor Ulabrandovn. Den blei bruka til all koking, steiking og varmegryte til vatn. Takke til flatbbrødbakst kunne leggast oppå. I enden på kjøkkenbenken sto separatoren og vaskevasstol med vaskefat. Over på veggen var det håndklehylle til håndkle med eit fint brodera pyntehåndkle som hang over. Ja dette var inventaret heime slik eg minnes frå då eg var lita.

Alt arbeid måtte gå for seg i kjøkkenet, alt frå matlaging til klesvask. Det var ikkje innlagt vatn, så det var å bera vatn frå brønnen i 2 bytter. Til klesvasken blei det bruka ei stor gryte, balje midt golvet med vaskebrett. Men etter 1938 vart det innlagt vatn og utslagsvask. Dette letta arbeidet. Om kvelden vart parafinlampa tend og då sat mor med rokken og spant garn til vottar, sokkar, jakker og også vevgarn til vadmål. Så var det å strikke og veva, og seinare sy klede. Symaskina var fast inventar på enden bordet. Far spikka alltid ein stor haug med fine krulla flisar til å nøre med i ovnen om morgoen. Dette var arbeid som var gjort på kjøkkenet inne om vinteren. Me fekk straum i 1942 og det var høgtid då. Me fekk elektrisk komfyr, så ein slapp å fyre i ovnen til matlaging. Til å varme om vinteren var vedovnen god på kalde vinterkveldar. Parafinlampa og fjoslykta vart hengt bort. Det vart så ljost både inne i husa og utanfor. Då blei det friare med arbeid inne om kveldane.

På ein gard var det også dyrestell. I fjoset var det kyr, ungdyr, grisar, høner og nokre sauer og hest. Her var mor og far saman om arbeidet. Mjølkinga av det mor som tok seg av. Eg lærde å mjølke då eg var 8 år, og det var god hjelp for mor. Etterpå så var det å separere mjølka, setje bort fløyten til syrning for seinare å kinne smør. Den skumma mjølka blei syrna for ysting av knaost og gamalost. Om lag 1937-38 vart det lettare med kinning av fløte til smør, for då fekk me meieri som tok i mot fløyte to dagar i veka.

Ei husmor måtte også vera med i utearbeidet. Om våren var det potetsåing, stell i hagen, såing av grønnsaker og blomar, soping, raking og rydding.

Matlaging var det også mykje av, det var stor hushaldning då det vart leigt inn arbeidsfolk, særleg om sommaren
(...)

Matlaging var det også mykje av, det var stor hushaldning då det vart leigt inn arbeidsfolk, særleg om sommaren. Det var mange måltider :

Morgomat var då fjosarbeidet var ferdig.
Dugur, føremiddagsmaten var ca. kl. 10.30, middag kl. 14.00.
Kaffe med litt å bite i ca. kl. 16.30.
Kveldsmaten var etter at arbeide med dyra var ferdig ca. kl. 20.00.
Det var lange arbeidsdagar for ei husmor.

Mellom slåttonn og våronn var det ei tid som blei kalla ”hobbale”.

Denne tid blei bruka til veving for kvinnene. Det blei også lauva, ein hogg greiner av lauvtre og bandt saman, turka og lagra til mat for dyra om vinteren. Dette var reine delikatessa for dyra. I hobbale var det også tid for å sjå etter at all slåttereidskapen var i orden. Ein måtte finne hesjestaur i skogen og kvesse den. Og rivene måtte tindast. Det blei bruka treriver på den tid.

I slåtteonna var det mykje arbeid og så då blei folk leigde inn. På den tid var det ikkje å seta seg på traktoren som no. Dei bruka hest med slåmaskin og mannfolka slo med både stuttljå og lagljå. Breislejenter med rive som ”bredde”, ”kådde” og ”vende” høyet. Det vart sett opp hesjer, hesjestaurar med ståltråd som graset vart hengt opp til tørk på.

(...)

Den fyrste traktoren kom til bygdi i 1948. Seinare utover mot 1950 hadde dei mest traktor på kvar gard. Det vart lettare i slåttonna og mykje av traktor-reidskapen kom etterkvart. Så til slutt var det å sita på traktoren frå graset vart slege til høyet blei køyrd inn på låven.

Og mora fekk god tid, både ute og inne.

Då blei det tid til å vera med i forskjellig lagsarbeid. Då var det ofte sanitetslag ein var med i, og møta blei halde i heimane, vanlegvis midt på dagen som passa best mellom dyrestellet. Seinare vart bondekvinnelaget stifta.

Eg tenkjer tilbake på kva for utvikling som har vore no dei siste 50 åra og det er ikkje til å tru. Kjøleskåp kom, og frysaren, då vart ein spara for mykje arbeid med safting, sylting og hermetisering. Og slaktet vart opparbeidd og lagt i frysaren. Og tenk, oppvaskmaskin på kjøkkenet, du verden for ei lette.

Men på ein gard på bygda er nok kjøkkenet det rommet som vert bruka mest av den eldre generasjonen, er ikkje så lett å gløyme arbeidet. For den yngre generasjon er det nok vanlegare å reise på butikken å kjøpe all ferdig mat.

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 

 

 

Sist oppdatert 12.4.2008
2007©Ingar Kaldal