Om Arbeidsarven:

Arbeidsarvens
arkiver:

Skriv om arbeid:

Bilder fra arbeid:

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Kulturhistorisk analyse av arbeidsinnvandraren i Haram kommune etter 1994 - Espen Wold

Epostadresse: woldes@hotmail.com

Tilbake til andre delprosjekter

Prosjektet vil i hovudsak omhandle eitt av dei meir sentrale tema i norsk innvandringshistorie i nyare tid; arbeidsinnvandring . Det er viktig å presisere at oppgåva ikkje vil omhandle andre typar innvandring, som t.d. flyktningar eller karrierevandrarar, men fokus vil ligge på arbeidsinnvandraren og deira møte med norsk kultur og arbeidsliv. Emnet er i nyare tid blitt sentralt og viktig på nasjonalt plan i samband med samfunnsutviklinga. Utviklinga i det europeiske storsamfunnet har gått mot større og tettare samarbeid på stadig fleire område. Gjennom EØS- avtalen frå 1994 er Noreg som EFTA- medlem knytt opp mot den indre marknaden i EU, der grensene mellom medlemslanda meir eller mindre er bygde ned. Ei sentral utvikling i kjølvatnet av avtalane er opninga – eller utvidinga – av arbeidsmarknaden for innbyggjarane i medlemslanda. Avtalane sikrar at alle som regelverket gjeld fritt kan søke arbeid og i denne samanheng få opphald andre medlemsland.

Forskingsfokus og problematisering av temaet vil vere gjennom eit kvalitativt studie av arbeidsinnvandrarar i Haram kommune i Møre og Romsdal. Eg vil gjennom dette prosjektet prøve å finne opplevingar og erfaringar dei har frå møtet med arbeids- og samfunnsliv i Haram. Skriveprosessen, og då spesielt analysearbeidet av det kvalitative kjeldematerialet, vil vere inspirert av nyare kulturhistorisk forskingsmetode.

Mitt utgangspunkt som historisk forskar og eiga interesse for temaet er at eg har vakse opp i denne kommunen, og frå “sidelinja” har observert auken i utanlandske arbeidarar, særleg i den maritime industrien. Eg har arbeidd som lærar i grunnskulen i Haram i seks år, og sit med ei kjensle av at det har blitt ei større tilstrøyming av unge utanlandske elevar enn før. Fleire av desse har foreldre som har komme til Noreg for å finne arbeid. Eg håper gjennom dette prosjektet å kunne trekke fram og synleggjere arbeidsinnvandrarane sine forteljingar og minne frå tida i lokalsamfunnet og på arbeidsplassen.

Eg ser gjerne at alle som er interessert i å vite meir om prosjektet, eller som har informasjon prosjektet kan ha nytte av, tek kontakt med meg på epost (woldes@hotmail.com / espenwol@stud.ntnu.no ) eller telefon (99 63 44 53).

 

 

 

 

 

 

 

Mer å lese:

Mer om arbeidets historie i Norden og ellers i verden:

Arbeidsarven samarbeider med:

De som hjelper prosjektet:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert 13.9.2011
2011©Ingar Kaldal