Om Arbeidsarven:

Arbeidsarvens
arkiver:

Skriv om arbeid:

Bilder fra arbeid:

Mer å lese:

Mer om arbeidets historie i Norden og ellers i verden:

Arbeidsarven samarbeider med:

De som hjelper prosjektet:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 


Utdrag frå Kristofer Uppdal. Fjellskjeringa. Aschehoug & Co, Oslo 1991.

Fleire litterære tekstar om arbeid

[s. 76]
" Arbeidsdagen er snart slut.
Himlen tek med kvart noko frostblått i seg, og fortel tydeleg, det er langt ut på hausten. I vest der sola har glada ligg ein gulfarga ljoske att. Ljosken tek noko eirgrønt i seg. Han og som mot noko kaldt. Alt blir so nattsvart og kvast å sjå mot. Og nattsval og kvass lufta å ande i.
I fjellskjeringa skal dei til å ladde hola. ØI-Kalle og Gåttvasslin har storhol på toppen. Basola Storbas kliv upp til dei, med den lange viskaren i eine handa og to-tre patronar tilladdinga i den andre. ØI-Kalle øyglar hånleg mot den vesle laddinga.
-Er det brenning du kjem med? læst han undrast. Augo hans talar ned mot dei andre i laget, vil liksom fyrebu dei. Det skal snart bli ei artig stund i fjellskjeringa.
-Nei. Er heil ladding, svarar basen truverdug. Han forstår ikkje spiten.
-Ser meg ut, som ei ladding du! høgg ØI-Kalle. Gå med deg! Og hent meir dynamitt! Til meg!
Mållaus av forstøknad over slik tiltale glor basen mot han.
Han lyder likevel. Liksom truga til det av ein vilje som i den stunda er sterkar enn hans. Og kjem med tre patronar til, i neven. Og steller seg og skal ladde holet. Det arbeid trur han aldri nokon annan. For steinspruten skuld.
ØI-Kalle tek viskaren frå han, bestemt.
-I kveld skal det laddast! Og ikkje berre på læstsom.
Basola er so frå seg, over slik ny skikk i laget, og kjem Seg ikkje no heller til å svara.
[s. 77]
-Mykje meir dynamitt hit, Basola! kagar ØI-Kalle upp, bestemt men utan sinne i tonen.
Litt hånleg legg han til:
-To-tre patronar, kva er det? To-tre kilo minst!
-Ikkje legg i meir! får basen endeleg upp mælet.
Han åtvarar ØI-Kalle:
-Det sprutar so fælt!
ØI-Kalle høyrer ikkje men driv på og toppar dynamitt i holet. Og stuvar saffian, med viskaren. Då glytter Basola Storbas noko reddhuga ikring seg. Som grunande på i kva leid. han skal springe undan skottet, for å vera mest trygg sjølv. Det der ser alt for våleg ut.
Han har møtt nakne blanke stålet ein stad inn i ØI-Kal1e. Og vågar ikkje koma nærrar innpå det.
Karane ned gjenorn skjeringa skvattar mot kvarandre og smålær kvar for seg. Ja Gamal-Ola krøkjer seg og skrattar høgt- Han unner Basola å betale for grisungen han fekk hjå han. Ja um betalinga blir til ein annan.
Det har liksom med eitt vorte so ope og slik ein kjøleg gnust gjenorn fjellskjeringa. Det er reint friskt å ande.
Haldor Fan er enno so unggutvoren å stå og glede seg til det skal smelle og sprute frå skottet hans ØI-Kalle. Fantasien renner av med han. Han synest sjå steinregnet gjera det myrkt mot himlen og at det ligg skamferte og ihelskotne kallar og kjerringar etter vegen.
Basola Storbas er no bas likevelog kaptein på brua til det siste. Endå urn skuta hans er på det og går under. Han kommanderar, noko håst-skjelven i mælet av reddhuga spaning:
-Gå og postér for skottet! Og langt nok undan. Du dit! Og du dit!
Han peikar og syner.
Ålvoret og den redde røysta hans set ein kvepp i karane, fortel dei at no går det for seg snart eitkvart i fjellskjeringa.
Per Flink bed for seg:
-Eg Iyt få gå! Noko i fyrevegen, eg. For å berge meg undan!
Per Flink er skjelven av reddhug. Han har enno ikkje greidd tenkje ut nokor trygg gøymsle for bankboka si.
ØI-Kal1e blir då heller aldri ferdig med laddinga. Holet hans
[s. 78]
svelgjer kilo etter kilo med dynamitt. Det grys gjenom fleir enn Basola Storbas no.
Var det berre vel og vakkert overstått! kulsar Basola Storbas. Gamal-Ola blir so frosen i kald spaning, han blæs på fmgrane.
Storholet hans Øl-Kalle bryt. Og det korkje smell eller sprotar større. På avstand står dei og ser verknaden. Som ein plog brøyter gjenom fjellskjeringa. I ein lode ljod. Som eit sjoff Og med eit nappetak i jorda, heilt dit karane står. Heile fjellet lyfter seg, som ein breid rygg i veret, og velt ned att. So stilt det er mest ikkje å gå.
Basola Storbas gled seg, til det ikkje skal ha brote. Då kan han blåse og fortelje Øl-Kalle. Det løner seg ikkje å øydsle slik med ammunisjon. Då kan han få dei til å forstå: Hans eigen drivemåte med små sprettar er den rette.
Men i skjeringa blir han med eitt so sid i broka og so henglippa. Holet har brote til botnar og langt attum seg. Fjellet er sundslite til passelege lyftings-steinar, og fyller skjeringa.
Alle blir ståande stille og sjå framfor seg. Og i kvar sine gruningar. Dei far no steinkjøyring og inga boring i minst ei heil vike. Steinkjøyringa er eit tungt slit, gruvar dei seg.
-Slik skal du taka fjellet! blæs Øl-Kalle upp, mot Basola Storbas.
Øl-Kalle er den fyrste som slår sund stilla. Han slår ut hendene og det gjev ein rykk i han, han talar. Som vil han illustrere det han segjer.
Gamal-Ola attmed han gjer, liksom hypnotisera til det, like eins med både hendene og kroppen.
-Ja slik skal du taka fjellet, ja, bas! jattar han med."

Utdraget er vald ut og lagt til rette av Arild Bye, som arbeider med ein biografi om forfattaren Kristofer Uppdal. Utdraget er lagt ut på denne nettsida med løyve frå Aschehoug forlag (kor boka enno er å få kjøpt).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert 31.3.2006
2007©Ingar Kaldal