Om Arbeidsarven:

Arbeidsarvens
arkiver:

Skriv om arbeid:

Bilder fra arbeid:

Mer å lese:

Mer om arbeidets historie i Norden og ellers i verden:

Arbeidsarven samarbeider med:

De som hjelper prosjektet:

 

 

 

 


 


Utdrag frå Kristofer Uppdal. Dansen gjenom skuggeheimen. Aschehoug, Oslo, 1921.

Fleire litterære tekstar om arbeid

[s. 31] "Arbeidet i skjeringa blir drive villare enn nokon gong før. Spadane høgg inn i blaalomsen og skyver til seg so mykje som hendene evlar lyfte. So snart baara er lasta, traavar karane andslopne ut løypa- etter kvarandre. Ingen vil vera i vegen for einannan, eller gjeva tapt. Spelol skjenar fyre. Rambern etter, i hælane. Og so dei hine. Sist Baaljørn.
So springjande fort som det gaar, trillar Baaljørn enno av løypa. Spelol møter han paa inntur til skjeringa, med tombaara. Spelol rengde ut det kvite i ~~ augo mot Baaljørn, og lovar han skal sprengje den c,- guten innan kvelden.
Men det gaar annsleis enn Spelol har tenkt.
-Undan her, djevel! blæs Sjugnr Rambern.
Han skyv baara i kneledene hans Spelol, og skjeller ut basen, brukar dei verste ord han finn.
Karane er øvde i aarelangt slit og fylgjer tett innpaå kvarandre. Dei styn og gapar. Tunga heng ut over underlippa.
Det er ein solbakande heit dag. Ikkje ei sky paa himlen. Sveiten renn i graa vegar ned kinna, og bløyter gjenom klæda, som er dei dregne or sjøen. Og ut munnvikane tyt skum-froda.
Daa rasar leir-veggen ut, der Rambern trillar framum.
-Hunden eta blaaskjeljar! bannar Rambern.
[s. 32]
Ein stor rullestein tek foten hans. Han kjem ikkje fort nok undan raset. Stortaa-a blir klistra, og dei andre tær ille klemde.
-Takkgu, ikkje steinen slo av leggen læst Spelol bli forfælt. Spelol vender seg burt og kaldflirer.
- Ikkje gle deg for tidleg, Spelol! bannar Rambern. Blodet skvett or skoen hans. Taa-a er stygg. Rambern bit i hop tennene, men løyser ikkje eit styn. Taa-a gror nok att. Og blir ho ikkje heil meir, so gjer ikkje ei stortaa korkje fraa eller til. Han storbannar . Han ly t ha lov til aa banna. Han er arg paa seg sjølv. Han agta seg ikkje for raset. Men det var kvikleira si skuld. Han stod og saag paa leira. Ho bobla upp, som vatnet or ei kjelde. Sola skein paa leira. Ho var kvit som mjølk.
Verken i taa-a linnar etter banninga. Eidane er framifraa plasterlappar paa saaret.
Spelol stimar verre enn nokosinne, tenkjer trille fraa Rambern som har foten sin, og ikkje er so arbeids-før lenger. Rambern er ikkje meint paa aa fire. Vilde Spelol endeleg kreiste talga or karane, so knyte tarmgangen skal talga renne av basen òg. Rambern er illraud i augo. Som ein mannbisk hund. Han krøkjer ryggen attum baara, høgg styvlehælane mot plankeløypa, tek rèss som ein ver, spring med lastebaara innpaa Spelol, ropar av vegen, og stangar Spelol i kneledene. Spelol blir sitjande paa leirbaara hans Rambern. Dei er nær tippen. Spelol vinn ikkje reise seg fraa baara, men styrer si eiga, so ho ikkje veltar. Rambern skyver baarune og Spelol ut for tippen og rausar blaaleira ut over han.
Karane stoggar arbeidet og staar tvikrokut av laatt. Kupulsvensken er for gamall til aa bruke baara, og arbeider difor i skjerings-stuffen. Han lyt ut aa sjaa, han òg. Men gamall som han er, tykkjer han ikkje det er stort aa kyte av. I mot det som hende i Lifjell- gruva, den tid stigrane Arnfin Landsem og Kalle Kall, ..
(merknad nedst på sida - tippen: det ytterste av fyldingen).
[s. 33]
.Kalle Kallblom, freista tevle kvarandre ut. Den gongen teva det lang leid fraa gruva.
Spelol kravlar upp att. Han freistar ei vende til mot Rambern. Rambern kjøyrer inn paa han att. Spelol velter med baara. Rambern lempar henne undan. So hardt at Spelol blir med baara. Spelol set seg. paa den kvelvde baara, blodraud i andletet av forrøyning. Han h æser som ein sprengd hund og hengjer tunga.
Karane set seg. Etter kvart som dei kjem inn fraa tippen.
Det er varmt og komt, og tungt aa ande. Lufta er blikstill. Ikkje eit straa nikkar med aksa. Ikkje ein fugl kvitrar. Lauvet heng solsvidd og turst paa greinene. Inga sulling av engsprettur i graset. Inga kyssing i den blaa aaker. Daudt og stilt.
Spelol skjelv og kaldsveittar. Andletet blaanar . Rambern skrattar til Spelol.
-Treng du kaldvatn over deg, Spelol! skrattar han. Karane er trøytte og orkar ikkje læ. Dei har nok med seg sjølve, alle. Kupulsvensken har ikkje vore med i trillinga, og han har det artigt. Han minnest den tida han var Pelle Pell, Pelle Pellkvist, og skakthogaren millom alle skakthoggar. Men det nemner han ikkje. Ingen trur han har vore skakthoggar.
Spelol klipper med augnekvarmane. Andletet bivrar. Han skjer tenner magtlaust i utsinne. Karane bør agte seg. Enno er han Spelol, og bas. Og er heller ikkje meint paa slutte. Ho kjem hans tid og.
Ein klegg set seg paa nasa, bit han og syg blodet hans. Han bannar. Skal alle djevlar pine han.
Rambern ligg paa sida og ser ned mot aalmannvegen nedfor skjeringa. Eit kvinnfolk ruslar framum."

Utdraget er vald ut og lagt til rette av Arild Bye, som arbeider med ein biografi om forfattaren Kristofer Uppdal. Utdraget er lagt ut på denne nettsida med løyve frå Aschehoug forlag (kor boka enno er å få kjøpt).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert 31.3.2006
2007©Ingar Kaldal