Om Arbeidsarven:

Arbeidsarvens
arkiver:

Skriv om arbeid:

Bilder fra arbeid:

Mer å lese:

Mer om arbeidets historie i Norden og ellers i verden:

Arbeidsarven samarbeider med:

De som hjelper prosjektet:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 


Utdrag frå Kristofer Uppdal. Stigeren. Aschehoug, Oslo 1985.

Fleire litterære tekstar om arbeid

[s. 74]
Korleis det gjekk for seg det som hende den natta!
Stigeren hadde lest ei stor byrde på Hans frå Stoe. Det var so mykje dei skulde ha med seg. Og Hans var viljug til bera alt; vilde syne kor flink han var, vilde gjerne få stigeren blid. For stigeren reint rasa.
-Har du aldri vore i ei gruve før du! svor han.
-Ja, men eg har då heile byrda! orsaka Hans seg. Røysta hans var fuktig, og det glunka i halsen hans, liksom han svelgde eitkvart.
-Hit med byrda di då! So skal eg ta både deg og byrda på ryggen!
Hans var rett over hovudet på stigeren. Då miste Hans ein minebor. Boren for framum stigeren, og snerte øyret hans; det var som ei glo mot øyret, og noko vått rann ned kinnet. Stigeren svor.
I det same for lampa til Hans framum, slokna og datt. Og
[s. 75]
eitkvart reiv lykta or neven til stigeren, det vart myrkt. Det song i lufta av stål som datt. Og det skreik djupt nedanfor dei, frå synken, dei var over ein glitrande stjerne-heim i myrkret – arbeidarar som dreiv på nedunder dei. Det skreik upp: -Kva fan!
Då sette stigeren i: -Undan her!
Og lykteblenka nede tok til skjelve og flutte seg, skjena til båe sidur. Det gjekk so fort alt. Stigeren fekk eitkvart tungt over seg; det var Hans, han hadde mist jamvekta, for utfor og støytte til stigeren. Stigeren høgg neven i buksa til Hans, fingrane vart til ei stål-saks, og heldt taket i buksa; ein tung kropp dingla ved føtene hans. Men tver-rykket var hardt, og den rima i stigen som stigeren heldt seg fast i, brotna av. Og både stigeren og Hans for utfor. Stigeren heldt framleis sakse-taket i buksa til Hans. Dei gleid og rasa ned ei strosse, og vart hengjande på eit stempel. Det gav eit rykk, dei møtte stemplet. Det snera i eit buksety. Hans frå Stoe for utfor att. Og stigeren låg over stemplet, med ei fille i neven, etter buksa til Hans. Stigeren vakna til og rannst med seg med at fingrane var klemd kring filla.
-Hadde berre buksa heldt! Hadde berre buksa heldt! fór det gjenom han. Han banna handelsmannen som selde so dårlegt buksety. No hadde truleg handelsmannen drepe Hans frå Stoe med det dårlege buksetyet han prakka ut.
Det gamle trestemplet var sliut og sleipt. Stigeren helt på sleppe taket; han hadde berre armlykkja over stemplet; men han fekk arbeidd seg uppå det, endå det var so stappe myrkt, det var uråd å sjå nokon ting. Men han torde ikkje røyve seg. Han ropa, han hausta, det var berre so det galdra gjenom gruva.
-Deven gale! svor han. Den handelsmannen og det bukse-tyet!
Og røysta hans ljoma rundt um. Lyktene nærma seg, upp og upp, vart burte attum hamrar og bergfeste, men kom fram att, blaga og svinga, etter rørslune til dei som bar dei.
-Kom hit då! ropa stigeren. -Kom hit då! song atterljomen all stad.
[s. 76]
-Kor er han? spurde det.
-Her, for svarte fan!
-Her, for svarte fan! song atterljomen all stad, upp og ned gjenom gruva.
-Ikkje skrik so høgt då! Det var Kalle Kallblom si røyst. -Han er visst redd, du! Det var Pelle Pellkvist.
-Hå segjer du! Stigeren redd! Inte er stigeren redd. Inte mere redd enn vi tvo.
-Nei, inte er stigeren redd! hermde det på det sliute trestemplet. Hø-hø! kald lo stigeren.
-Nå, der er stigeren! Går als betre når du inte tutar so.
Dei var på veg upp, i fylgje, Kalle Kall, Pelle Pell og stigeren.
-Kunde nær ha vorte utan stiger, skjemta Kalle Kall.
-Når ein skal ha bønder med seg! svor stigeren.
-Og når det skal vara kvinnfolk med i spelet! Kaldlo Kalle Kall.
-Kva ralar du um, blåsvenske?
Men blåsvensken Kalle Kallblom berre skrattar: -Inte so bråsinna, lilla stigerbror!
- Kven skulde vorte stiger etter Arnfinn Landsem? lær Pelle Pell.
-Du naturligvis!
-Jag? Ja. Eller Kallebror.
-Kjem kanskje vår tid og, Pellebror! svarar Kalle.
-Di tid! I helvet ja! høgg stigeren inn.
-Å mycket før -skal det gå slik, so –
-Korleis slik? Tala ut!
-Det er ei som heiter Petenilla. Hø-hø, ja! skratta Kalle.
-Å ikkje bry deg! Eller vågar du -!
-U-m, u-m! Når vi tre er saman er vi stiger kvar si stund, etter som det høver .
-Tosk!
-Du kalla eingong Pelle og meg blodhundar, Landsem-bror!
-Ja, eg er kry av blodhundane mine.
-Vi er tri blodhundar. Du og blodhund. Vi og kry av deg. Dei skrattar.
[s. 77]
-Men, men! segjer Kalle.
-ja, men, men! segjer Pelle og.
-Å... eg veit det, svarar stigeren. Enn urn de ha gjeve meg ein puff, då eg låg på stemplet.
Alle vilde ha trudd det vøre ei ulukke.
Det vart ei togn.
-Kva vil folk tru urn denne ulukka? spør Kalle.
-Tru?
-Kanskje at det var stigeren si skuld. Skratten til Kalle blir kaldar .
Dei stod uppe ved innslaget.
-Trur de at de skrærner? Stigeren står og mæler dei to, det skjelv i andletet hans.
-Ikkje no når vi er komen upp.
Dei mæler framleis kvarandre. Svenskane stigeren, og stigeren svenskane.
-Ho-ho! hostar svenskane. Vi skal halda tett. Inte segja nogot. Inte nogot, nei, urn nogon ting.
-Kjeltringar! Veit de kva eg kan? Jaga dykk.
-Inte no lenger vågar stigeren det. Stigeren gjort mange misgrep alt. Eit lite ord frå Kalle Kallblom, og stiger Arnfinn Landsem må gå frå gruva.
-Ja, eit lite fint ord frå Pelle Pellkvist, og stigeren måste gå frå gruva.
-Vi er ikkje ferdig med kvarandre, svarar stigeren. Men takk fordi de kom so fort upp til meg på stemplet! Kanskje redda de livet mitt.
-Å inte redda vi stigeren. Vilde berre morre oss med å sjå stigeren i beit, vi.
-Men kva djevlar! segjer Kalle Kallblom, og peikar på ein pressenning der Hans frå Stoe ligg.
Der står nokre arbeidarar kring liket, og lenger undan står ein dunge arbeidarar og talar saffian. Natta er myrkblå, og menneska ter seg som svarte skuggar idet blå, og skuggane svingar og er i rørsle, uppskræmde lik dyr som har sove. Den kalvbeinte kvænen vender lampa si mot liket; det kveis-ærute andletet hukar seg fram:
-Han er dau, steindau er han.
[s. 78]
-Ja dau som ei sill, svarar ein annan.
-Kjende du han? -Kva er det for ein? blir det spurd.
-Å fan, er det han du! La merke til han i går, han sat og åt; han såg so tungsint ut, ja og so hadde han ei vorte på kinnet.
-Å var det han med vorta! Nei so underleg. Hø-hø! Og no er han dau!
-Jaso, sat han og åt i går, du?
-Visst fan, åt han!
-No kjem han aldri til eta meir.
-Nei, og aldri til knakke på boret meir ned i gruva. So rart de!
-Han har då inga vorte på kinnet, segjer ein som har lyst på liket.
-So er det kanskje ikke han som sat og åt i går då.
-Tosk, du kan då skjøne at han slo av seg vorta då han datt utfor"

Utdraget er vald ut og lagt til rette av Arild Bye, som arbeider med ein biografi om forfattaren Kristofer Uppdal. Utdraget er lagt ut på denne nettsida med løyve frå Aschehoug forlag (kor boka enno er å få kjøpt).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert 31.3.2006
2007©Ingar Kaldal